Grunnleggjande turleiarkurs

Kurs

Fra dato
16. oktober kl. 18:00
Til dato
18. oktober
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Ytre Sogn Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turleiarkurs, Ambassadør og Grunnleggjande, Hardbakke 16.-17. oktober 2020 (ny dato)

Stad: Hardbakke, Solund kommune

Kursleiarar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik

Tidspunkt:

Kurset tek til fredag kveld kl. 18.00. Avslutning søndag kl. 14.30

Fredag ferje frå Rysjedalsvika kl 16.25 og frå Rutledal kl. 16.50. Retur søndag med ferje frå Krakhella klokka 15.20.

Reisa:

Ferjerute for Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella finn du på kringom.no

Matservering:

Ta med brødmat til frukost og niste for to dagar. Ta elles med det du treng (drikke/frukt) for tur laurdag og søndag.  Servering fredag kveld og middag laurdag kveld blir fellesmåltid med råvarer kjøpt inn av kursarrangør.

Overnatting:

Overnatting i hytte hjå Steinsund Marina ved Hardbakke. (steinsund.no).

Det er oppreidde senger på hytta og handkle ligg framme.

Litteratur:

DNT si bok ”Turlederboka”. Denne vert å få kjøpt på kurset. Pris kr.150.

Utstyr klede m.m. (grunnleggjande kurs)

Turklede, fjellsko og ryggsekk. Regnklede er godt å ha på lur.

Også varme ullklede, vottar og huve kan bli bruk for.

Toalettsaker og handklede.

Innesko.

Drikkeflaske/turkopp/Termos

Kart: Turkart Solund 1:50 000 (kan kjøpast på kurset til kr 100)

Kompass, helst 360 grader. (har kompass til låns).

Skrivesaker

Ta også med hovudlykt/lykt

Kursavgift.                                                                                                                                                              

Kursavgift kr. 1.800 medlem, kr. 2.000 ikkje medlem, inkl. matservering (fredag og laurdag kveld), overnatting og sjølve kurset. Vel møtt til hyggjeleg og lærerikt kurs.

Arrangør: Kurs- og fjellsport, Sogn og Fjordane Turlag

Med helsing Astrid Kalstveit, tlf. 482 36 615 (mob. 918 07 899)          

 

Grunnleggjande turleiarkurs

Turleiarkurs, Ambassadør og Grunnleggjande, Hardbakke 16.-17. oktober 2020 (ny dato) Stad: Hardbakke, Solund kommune Kursleiarar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik Tidspunkt: Kurset tek til fredag kveld kl. 18.00. Avslutning ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 48236615
  • E-post: sft@dnt.no