Sulemarsjen Ulvegreina 1.mai

Sulemarjen 2019 med konsert
Sulemarjen 2019 med konsert Foto: Kari Einen

Tradisjonen tru vart 1.mai i Solund markert med Sulemarsjen, tur på Ulvegreina. Vi var 68 tobeinte, 3 firbeinte, 4 på sykkel og to i bæremeis som kom oss til topps


I år samarbeida Solund Idrettslag, Ytre Sogn Turlag og Solund Skulemusikk om marsjen, så då vart det ikkje berre tur, men også konsert med eit noko utvida Juniorkorps på toppen. Solund Idrettslag stelte i stand kiosk og selde pølser med brød, sveler, saft og kaffe.  Dei ekstra spreke starta klokka 11.00 og gjekk på Dumbetinden fyrst, medan vi andre møttes kl. 12.00 med bommen. Det var også ein gjeng som sykla på toppen ifm oppkøyring til Bergen-Voss om ein månad.

Takk til Stella Tomczuk og Jan Lohne for at de køyrte opp alt av utstyr/instrument og var med å få dette til!

Takk til Solund Skulemusikk med Jan Lohne som dirigent for flott konsert

Takk til kjøkkenet på Solundheimen for lån av catering utstyr



Skrevet av Kari Einen 1. mai 2019