Hytta på Råkeneset stengt inntil vidare

Råkeneset i Solund
Råkeneset i Solund Foto: Tor Arne Hauge

Råkeneset turistforeningshytte vil vere stengt framover grunna koronasituasjonen. Vi kjem med informasjon når vi har klar dato for opning. Vi ynskjer alle velkomne til Solund og oppfordrar dykk til å bruke det lokale tilbudet om overnatting. Sjå Solund info

Følg med om Sommartur med YST

Ytre Sogn turlag har færre felles turar, men vil invitere alle til ein konkurranse seinare i sommar. Den vil vere digital ved å registrere seg på SjekkUT, eller ved å sende inn bildedokumentasjon. Følg med på heimeside og facebook for informasjon

Skrevet av Kari Einen 27. mai 2020