TiTur Hyllestad 2021

Ytre Sogn Turlag inviterer til TiTur Hyllestad. Prosjektet er eit samarbeid mellom HIL v/Fjelltrimgruppa og Barnas Turlag i Hyllestad.

TiTur Hyllestad blir gjennomført fyrste gong i 2021 og dette blir testår.

F.o.m. 1. mai t.o.m. 1. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte fjella og turane i nærområdet vårt. Barn opp til 13 år og vaksne over 67 år må gå minst 5 av turane for å få premie.

Premiering: Alle som fullfører får premie og er med i trekkinga av 3 gåvekort (1000,- kvar). Alle barn er med i trekking av 3 hengekøyer.

Skrevet av Kari Einen 25. april 2021