Camp på Litle Færøy 3-5 juni 2016

Camp på Litle Færøy
Camp på Litle Færøy Foto: Andreas Tangen Tangenes

Sol, Solund og Litle Færøy. Årets sommercamp for DNT-ung Ytre Sogn turlag inneheldt alt som skulle til for at det vart ein suksess. Vi hadde rammer for leiren som bare Litle Færøy og Roar Moe kan skape. Sola skein om kapp med 30 ungdommar og temperaturen gjorde at telta vart meir som badstuer.

2 militærtelt og 2 lavooar husa ungdommane  og 8 vaksne. Låven til Roar var samlingspunkt og matsal. Merethe koka tradisjonen tru havregrynsgraut til frukost og god middag. Svelestabelen på lørdag kveld vart høg, og sjølv etter utallige forsøk på å ende stabelen, var den fortsatt høg.
Roing med tradisjonsbåtar, padling og klatring fekk alle prøvd. Mykje mestring, mange smil og mykje friluftsglede er ingrediensar i årets camp.
Lørdags  kveld var det felles tur til hola på Færøy. Her var det samling rundt bålet og god stemning.

Skrevet av Kari Einen 5. juni 2016