Sjekk UT

Ny app skal få fleire på tur

I fjor fekk Den Norske Turistforeningen (DNT) 1 million menneske på tur. Nå tar organisasjonen nye, digitale grep for å gjere det endå kjekkare å vere ute.


– Frå nå kan alle få turpostkasseturane rett på telefonen. Sjekk UT-appen er eit enkelt digitalt verktøy kor våre eldsjeler presenterer sine anbefalte turmål der du er, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Over 65 prosent av dei 1 million registrerte turane i DNT i fjor var turpostkasseturar. Det vil sei at lokale turlagsfolk plukkar ut turmål og set opp ein turpost der besøkjande registrerer seg. Den nye appen Sjekk UT skal gjere det endå kjekkare å vere turpostsamlar.

- Med appen kan du få ein oversikt over kor dei næraste turpostane er seg til ei kvar tid, du kan sjekke inn når du besøkjer ein post, du kan leggje ut eigne bilete og skrive i gjesteboka på kvart enkelt turmål, fortel Øveraas.

Fleire lokale turmål

DNT sine medlemsforeiningar har i alt 850 turpostar over heile landet. I fjor var det over 600 000 besøkjande som tok seg til topps og skreiv namnet sitt inn i ei turpostbok.

- Vi har så mange flotte turmål i vårt område som vi gjerne vil inspirere endå fleire til å oppdage. Vi har alt 12 turposter registrert i appen, og har som mål å fylle på med enda fleire, seier Kari Einen i turlaget.


Sjekk UT kan lastast ned gratis i Appstore og Google Play. Appen har følgjande funksjonalitetar: - Digital innsjekking på turposten med mobiltelefon

- Turposter nær deg viser alltid først i appen

- Moglegheit for å ta bilde i appen og dele på sosiale media

- Moglegheit for signering av digital gjestebok knytt til kvar turpost

- Kart som viser turpostane i nærleiken

- Appen inkludert kart og innsjekking fungerer også offline

Skrevet av Kari Einen 27. april 2017