Orrhane
Orrhane

På Råkeneset og Solvika er det ein Orrhane for tida.

Den er spennende og oppleve og her er nokre råd frå Nils Bjørgo om korleis det er smart å gå frem i nærheten av Orrhanen på vårparten

Rapport frå Nils etter besøk på Råkeneset: 
Vi hadde ein super tur til Råkeneset og blei skikkeleg godvener med orrhanen. Eg vil gjerne skrive litt på Yst sin heimeside om korleis ein bør oppføre seg mot han no på denne tida: Går ein rett ned stien og så over steinane mellom plenen og sjøen så er ein utanom hans "revir" og han vil ikkje angripe, kun følgje deg på si side av grensa. Går du over plenen har du han i beina med ein gong. Dette kan vere greitt å vite og at ein ikkje bør provosere han ved å gå på han eller terge han.

Råkeneset er DNTs vestligste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord om Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.

All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om ”bruk er den beste form for vern”, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.

Kjøkenkroken er tilrettelagt med gasskokeapparat og kokekar i tillegg til dekketøy. Drikkevatn finn ein i dunkar som er plasserte ved inngangsdøra. Merk: dette må berre nyttast som drikkevatn. Vatn til vask og reingjering finn ein i brønnen. Merk: Ver varsam når ein opnar luka til brønnen.

Les om DNT- hytta på Råkeneset på UT.no

Råkeneset i Solund
Råkeneset i Solund Foto: Tor Arne Hauge