Logo
Til DNT.no forside

Om Ytre Sogn turlag

Ytre Sogn turlag har som føremål å arbeide for eit enkelt, aktivt, sikkert, allsidig og naturvenleg friluftsliv.  Vi arrangerar turar, aktivitetar, vedlikeheld stiar og hytta vår i Råkeneset. Våre frivillige er bærebjelken i turlaget og vi ynskjer deg velkommen med oss på tur!

Publisert: 05. mai 2023
Artikkel

Ytre Sogn turlag (YST) er ein organisasjon som ynskjer å leggje til rette for friluftsliv for alle. Me skal skape turglede og gjere det enkelt å kome seg ut på tur i nærnaturen. YST er organisert med eit vaksenlag, barnas turlag i Solund, Gulen og Hyllestad og ei ungdomsgruppe.

YST har ansvaret for hytta på Råkeneset. Råkeneset er DNT si vestlegaste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord om Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke. All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

Vårt motto er: Kjenn din kommune - og bruk den!

Kontaktinformasjon:
E-post: ytresogn.turlag@dnt.no eller telefon: +47 993 55 314.
Marit Gjersvoll, leiar i Ytre Sogn turlag.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem