Årsmelding Barnas turlag Gulen


Dette året har vore eit fint år i Barnas turlag Gulen, og me kan jammen seie at me har dratt lasset saman. Alle i styret har gjort ein stor innsats for å få til eit godt og variert turprogram i heile kommunen, og det syns eg jammen me har fått til. Det hadde ikkje vore mogeleg om ikkje alle bidrog så mykje som dei gjorde. Ikkje berre styret i BTG, men og andre støttespelarar som har vore med som turleiarar, eller som har gjort ein god innsats på mange måtar. Vil kanskje spesielt trekke fram dei som stilte med fiskeskøyte på Flolid og dei som brøytte isen på kringla. Det me har sett har vore ei litt større utfordring i år er nok annonseringa. Me treng ei solid opprydding i e-postlista vår, og me må kontrollere at mailadressene til barnehagar, butikkar og skular stemmer. Eg trur det er ein del plakatar som ikkje er kome opp pga det. Eg trur deltakinga hadde vore større på ein del av turane om me hadde dette på plass. I tillegg må me bli betre på å bruke heimesida.


Året starta heilt supert i januar med ca 60 store og små på isen på Kringla. Familien Ellingsen Dyrøy gjorde ein kjempeinnsats med å klargjere isen, og var med og hjalp oss på sjølve dagen og.  Her fekk alle stå på ski, renne på akebrett og gå på skøyter. Denne dagen delte me ut mange turpass.


I februar var det ein flott Kom deg ut-dag i Stordalen. Noko nøyaktig tal har me ikkje, men mellom 150 og 200 fann vegen dit den dagen. To turborevar kom, og det heile vart godt dokumentert i fleire aviser i etterkant. Dette arrangerte me saman med YST og Barnas turlag Masfjorden


I mars var det tid for påskekrim! Den utruleg tøffe leiinga i YST, i tillegg til fleire andre tøffe born stilte opp for å lage film, og det vart skikkeleg bra! Filmen vart laga til eit arrangement der dei som kom skulle vere i påska, og der dei skulle finne att godteposane som tjuven hadde gøymt. Mellom 60 og 100 detektivar vart med på turen, og alle fann godteri.


I april hadde me trefjellsturen. Dette vart og ein suksess. Over 100 stk vart med, og det vart skrive flott om dette i avisene etterpå. Masse god reklame for turlaget. Dette var i ytre Gulen, i tråd med at me prøver å ha eit variert tilbod over heile kommunen, og ikkje minst då ytre Gulen og har eit fantastisk turområde å boltre seg i!


I mai hadde vi den årlege turen til Breidvikstølen. Dette pleier å vere ein suksess.


I juni fekk me besøkje Hatlevika der Barnas turlag Masfjorden hadde laga eit kjempeflott opplegg med kanopadling, klatring og tur. Dette var svært kjekt, og noko me bør bli med på fleire gonger. Det var diverre ikkje så mange gulingar som kom, men me som var der hadde det heilt topp!


I juli var det ferie, men i august var me på tur att. Denne gongen var me i fjøra på Takle. Her var det grilling, me bygde båtar, fanga strandkrabbe og mykje meir. Ca. 30 store og små var med i fjøra og me hadde ein kjempefin dag! Her var det og premiering for dei som hadde fått fem stempel i passet sitt.


I september hadde me to arrangement. Det eine var ein kjempefin kom deg ut-dag på Flolid. Her hadde me kanopadling, natursti, ulike leikar, og ikkje minst flotte turar med skøyta. Dette var veldig kjekt. I tillegg kom Ingrid Hellewege Haveland og fortalte historiar frå vikingtida, og om Gulatingstaden. Ca 50 store og små var med.

Denne månaden hadde me og ein spennande trolltur på Oppdalsøyra! Anne Grete Hønsi Opdal hadde opplegget og det vart ein flott tur! Me har ikkje noko tal på kor mange som var med her.

Så var ikkje neste tur før i november, men då hadde me den årlege lommelyktturen i Tveita. Jarle stilte som turleiar og 16 stk vart med. Det vart litt utfordringar pga været så ruta vart litt endra, men det gjekk heilt fint.