Årsmelding Barnas turlag Gulen 2017 

Dette året har me hatt dette styret: Monica Skjelanger Reknes, Rita Høydal Bøe, Hege Lid Hjartholm, Bodil Margrethe Håvåg og Marielle Loua Stene 

 Januar: 

I Januar skulle me ha KDU i Stordalen saman med YST, YST ung, og BT Masfjorden. Dette vart avlyst då det ikkje var snø i anlegget. 

 Februar: 

I februar var det ikkje nokon tur. 

 Mars: 

26. mars hadde me Bukkene bruse-tur i Eivindvik. Etter iherdig innsats for å fåt ak i nokon til å vere troll, måtte me diverre gje opp det og ha ein tur utan troll. Her var det fem stk som deltok. Eivindvikingane er litt vanskelege å få med på tur 😉 

 April: 

23.april var det tid for den populære trefjellsturen! Som alltid var det høg deltaking og god stemning! Eg er usikker på akkurat kor mange som var med. 

 Mai: 

I mai var me med på eit knallkjekt arrangement med stor suksess, og det var Tour de Fjords. Her hadde ungane sykkelløp og det var stor deltaking. Me var der med mange ulike aktivitetar, m.a. kanopadling, leikar i fjøra og turboreven var på plass. Seinare i mai var det tur til Breidvikstølen, og her veit me ikkje kor mange som var med. Her vart det litt dårleg annonsert på førehand, som fleire andre gonger….. Dette må me bli betre på. 

 

August: 

27.august var det tid for trolltur på Oppdalsøyra! Dette er eit veldig bra opplegg og ca 40 stk var med. Her er det god kunnskapsformidling og mange flotte aktivitetar. Dette ynskjer me å halde fram med. 

 September: 

I september hadde me KDU saman med bt Masfjorden i Arekletten. Dette vart ein fantastisk dag!! Ca. 100 store og små var på plass, og det var grilling, kanopadling, natursti. 17. september hadde me ein flott tur til Engesetstølen i Brekke. Her var me ca. 20 stk til saman, og dei yngste var 6 og 8 veker! 

 Oktober: 

22. oktober var det tur til Sperretåa på Dalsøyra. 16 små og store vart med på denne fine turen.  

 November: 

Kommande helg skal me ha den årlege lommelyktturen i Tveita. Dette ser me fram til! Me veit sjølvsagt ikkje kor mange som vil bli med der, men me vonar mange vert med!  

 Me hadde ikkje turar kvar månad, men nokre månadar hadde me fleire turar. Me MÅ bli flinkare til å annonsere det på førehand, og her tar eg sjølvkritikk. Me må få ut plakatane tidlegare, og me må ha ei avklaring på situajson kring mail og facebook. Eg trur det har innverknaddeltakartala og. Mange av turane er fastlagde på førehand og det er både godt og gale. Det er veldig greitt at me har dei og slik sikrar oss at det er jamnleg aktivitet, men det er og greitt å ha rom for litt meir impulsive turar. No vert det eit nytt år med nye mogelegheiter, og med ganske store endringar i styret. Eg vil takke dei som har gjort ein kjempejobb i år for å få alt dette til, for me har eit godt tilbod og har turar i heile kommunen, og det samarbeidet som er i styret er heile avgjerande for å få det til. Me har hatt nokre møter, men me har tett kontakt på facebook. Dei tre som går ut av styret i år har vore gull verdt for Barnas turlag og det er vemodig at dei går ut no. På same tid vert det kjekt å treffe nye og inspirerte medlemmar som eg ser veldig fram til å få samarbeide med. 

 

Monica S. Reknes 

Leiar BTG