Årsmelding frå Barnas Turlag Gulen 2018 


Grunna fleire nye medlemmer i styret, ny leiar i styret og nokre misforståingar vart «Kom deg ut» arrangementet i januar avlyst.  

I Februar arrangerte me «Skidag i Stordalen skisenter» saman med YST og YST UNG. Me hadde DNT stend og grilla kortreist fisk ifrå Instefjord på bålpanna. Oppmøtet var ikkje like bra som tidlegare år, men me var fornøgde med at ca 60 stk tok turen denne sundagen. Det var fleire flinke instruktørar i bakken, og ein kunne få prøve seg på både slalom og snowboard 

18 Mars var det tur til Langevatnet på Eidsbotn. Der grilla me laks og pølser på bålpanna. Sidan det snart var påske kom turboreven innom og helste på ungane. Han hadde med seg noko snop til alle som hadde møtt opp. Isen på vatnet var målt til over 30 cm, så borna fekk lov utpå å leike litt der også. Nydeleg sol og blå himmel. Til saman var me 30 stk og 13 av desse var born 😊 På førehand hadde me fått sponsa pølsebrød (Bunnpris Sløvåg) og påskegodt (Spar Eivindvik). 

22.apil var den årlege 3fjellsturen i ytre Gulen. YST var ansvarleg på dei to fyrste turane (Veten og Piltevarden), medan barnas turlag arrangerte tur til Midtbøfjellet. Grunna dårlege værmeldingar, korpsseminar og konfirmasjon var oppmøte denne dagen litt lågare samanlikna med tidlegare år. Ca 50-60 deltok der 15-20 stk var born. På toppen av Midtbøfjellet fekk borna utdelt kvarsinn kvikklunsj, den vart fort eten opp. Det var meldt regn, men dei fleste kom seg ned frå siste toppen før regnet kom. Det var mogelegheit for å kjøpe mat og delta på premieutdeling til borna på Skjerjehamn etterpå. 

13.mai var det tur til Sperretåa og gardsbesøk hjå Anita Lihaug på Dalsøyra. 10 vaksne og 14 born deltok på denne kjekke dagen. Ein fekk servert heimelaga sveler laga av mjølk og egg frå dyra på garden. Bålpanna var det fyr i,  og ein kunne grille det ein hadde med seg. Ein flott dag for store og små. 

 

03.juni var det tid for tur til Breivikstølen. Barnas turlag gjekk frå Breivika og opp til stølen, medan YST gjekk opp Tveiteskaret og over fjellet før dei enda på same stad. Breivik og Bålen bygdelag stod for sal av kaffi, saft, pølse i brød, vaffler og mylse. Noko som smakte godt for alle dei glade turgåarane. Det var mogelegheit for ein kanotur på vatnet og bading. Fleire ungar kosa seg i elva der dei bygde «veg» av stor steinar. 14 born, 5 ungdommar og 50 vaksne tok turen i nydeleg sol denne sundagen. 

I juli hadde me sommarferie 😊 

I august skjedde det ei missforståing. Leiar i barnas turlag trudde det var ei anna helg enn den som vart sett opp. Sjølve datoen hadde vedkommande arbeidshelg. Dermed vart denne turen avlyst. 

02.september var det KDU dag og feiring av DNT sin 150 års dag med utebursdag. BTG arrangerte trolltur på Oppdalsøyra. Fyrst var det ei samling i Opdal skulemuseum med quiz og andre konkurransar. Deretter gjekk me gjennom trollskogen og opp til Alvedalsløene. Under turen var det natursti/turtipp. På toppen spanderte ein pølser til alle grilla på bålpanne. Det var utdeling av premiar på turtippen og opplesing med dramatisering av eventyret «De 3 bukkene bruse», noko fleire born sette stor pris på. Ein fekk servert sveler før turboreven kom innom med matbokar til alle borna. 33 born og 29 vaksne tok turen. 

21 oktober vert det tur til Steinefjellet, medan det vert lommelykt tur i Tveita 25 november. Året vert avslutta med nisserebus på Flolid 9 desember. 

Styret 2018 har bestått av Brita Eidnes (ny nov 2017), Ida Tangedal (ny nov 2017), Aina Furebotn Reknes (ny nov 2017), Marielle Loua Stene og Monica S. Reknes. Me har hatt 3 styremøter i løpet av året. Eit i januar, eit i juni og eit i september. På alle møta var det berre dei nye medlemma som deltok, noko som har vore veldig synd. Det hadde vore ein fordel om dei «erfarne» i styret kunne delteke også. Då hadde ein kanskje hatt litt meir kontroll på ulike ting som må ordnast i forkant av KDU dagane mellom anna. Me har også hatt ein del kontakt via facebook før kvar tur. Men alt i alt har det godt bra 😊 

På styremøtet i september vart alle einige om å ta to færre turar i 2019. Håpar at dette vil gjere til at oppmøtet vert litt høgre kvar gong. Me har også planar om at alle i styret er ansvarlege for kvar sin tur, slik at turane i året vert litt meir fordelt og at ein slepp at nokon må bidra mykje meir enn andre. KDU dagane vil alle prøve å delta på.  


Brita Eidnes, leiar BTG