Barnas Turlag Hyllestad - årsmelding 2018

Styret i 2018 bestod av:

Katarzyna Lylund                       leiar

Torun Mattson                           medlem

Oddhild Dokset Engedal          medlem

Aleksandr Savchenko               medlem


I 2018 hadde vi 2 ordinære styremøter, i tillegg har vi diskutert detaljar kring oppsette turar på telefon/messenger. Totalt har vi lagt ned om lag 160 dugnadstimar, dette er med gjennomføring av turane. Me bestemde oss for å gjennomføre turar berre annankvar månad i år, dette på grunn av dårleg kapasitet i styret. Men turane vi gjennomførte var kjekke og vellukka!

Barnas Turlag Hyllestad har hatt 7 turar/arrangement i 2018:

I desember brukar me å ha avslutting i Kvernsteinsparken, det hadde vi også i desember 2017. Me gjekk tur til Svartedalen og slappa av i Kvernsteinsparken etterpå med varm drikke og sveler. Etterpå hadde me premieutdeling, der kvar deltakar fekk ei lita merksemd. Det var stas for ungane.

 «Kom deg ut dagen» og 150 års dagen til DNT i januar markerte me med skitur i Ønadalen. Det var mykje snø, så det vart ein relativt tung tur, men ungane var veldig ivrige. Me kosa oss, grilla, hadde tur tipp og fri leik/kjelking i skogen. Det var eit vellukka arrangement, barn og vaksne kosa seg og det var kjekt å sjå at det var fleire nye turgåarar.

Sidan me likte oss med ski på beina bestemte me oss å nytte skiføret meir. Fredag 2. mars inviterte vi til kveldstur i lysløypa i Mølmesdalen, Høyanger kommune. Sjølv om det var litt uvanleg tidspunkt for oss, det var fleire som møte opp. Det var ein fin kveld og både store og små synst det var kjekt å samlast og gå på ski i mørket! Kjekt med litt mat etter nokon runde i løypa.

1.mai toget gikk me ein fin tur i Leirvik. Vi møtte opp ved Leirvik senter og måtte gå eit stykke på hovudvegen, før vi kunne ta av på grusvegen opp mot Ås. Då vart det litt friare for ungane og vi slapp å passe oss for biltrafikken. Etter grusvegen gjekk turen i utmark og opp ein kjempe bratt bakke. Vi hadde kappløp- og ungane vann! Vidare gjekk turen gjennom ein granskog. I denne trollskogen var det kjekt å leike. Vi åt nista vår og ungane fekk stempel i turpassa sine før vi gjekk vidare.

I juni hadde vi eit fellesarrangement saman med Lauvsprett 4H, Hyllestad Jakt og Fiskelag, Hyllestad Røde Kors, Åfjorddalen Bygdekvinnelag, «Friluftsmoro» på Øyna på Løland. BTH hadde ansvar for tur tipp. Vi hadde spørsmål frå alle laga som var med og arrangerte, både til liten og til stor. Vidare var det bading, kano, båt, fisking m.m. Det var fantastisk fint ver og ein flott dag. Grunna det fine veret var det forbod mot bål, men vi fekk servert både lappar og fingermat som alle kunne smake på. Det kom mykje folk og me kosa oss.

På «Kom deg ut dagen» i september hadde vi base på Hamneparken på Sørbøvåg. Det var også eit særs vellukka arrangement.  Vi bygde leir (telt, sovepose, nye hengekøyer), vi hadde krabber i to baljer som vi kunne studere, grilla pølser, gjekk tur tipp, og dei som ville kunne ta seg ein tur på sjøen i båt.

I november brukar vi å reise til Høyangerbadet for å bade, det gjorde vi også i år.

Til saman, på alle turane, har vi i år vore om lag 80 barn og 73 vaksne. I tillegg til dette var det rundt 100 barn og vaksne på felles arrangement  på Øyna i juni.

Også i år har Oddhild skrive eit lite referat, som vi, saman med bilete, publiserer på BTH og YST sine sider på Facebook. Dette sender vi også inn til Firda og Ytre Sogn avis, slik at andre kan lese om turane våre og kanskje få inspirasjon til å bli med på neste tur.


Oversikt over gjennomførte turar i sesongen 2018:

Dato

Tur

2-12-2017

Tur til Svartedalen/Kvernsteinspark

21-01-2018

«Kom deg ut dag» - tur i Ønadalen

2-3-2018

Ski tur –løypa i Mølmesdalen

1-5-2018

Tur Leirvik-Ås-Kletten-Leirvik

10-6-2018

Arrangement på Øyna i lag med 4H, Jakt og Fiske lag, Åfjorddalen Bygdekvinnelaget, Røde Kors

2-09-2018

«Kom deg ut» dag   arrangement på Sørbøvåg

4-11-2018

Bading Høyanger