Årsmelding YST 2017
YST har hatt eit aktivt år i 2017.
YST femner no om kommunane Gulen, Solund og Hyllestad.
Det er Barnas Turlaggrupper i alle 3 kommunane.
Det er ei felles UNG gruppe
Yst har i 2017 311 medlemmer pr 01.11.17, dei er fordelt slik ;
Familie hoved ; 26
Hoved 63
Student 9
Honnør 24
Livsvarig 1
Barn 41
Skule 38
Husstand 19
Familie husstand 90
Det har i 2017 vore søkt litt mindre midlar enn tidlegare år, av ulike årsaker. Men der vi har søkt har det kome inn , slik at rekneskapen er ok- sjå denne.
Johny Birkeland Transport er fortsatt vår hovedsponsor ut 2017.
Samansetting av tillitsvalde i YST 2017 har vore slik :
Styret
Leiar Wenche Midthun
Nestleiar Mark Elvevåg
Kasserar Marit Gjersvold /Mona Birkeland
Skrivar/IKT Kari Einen
Styremdl Liv Brekken , Erene Wilberg , Unni Kvellestad Akse
Vara : Linda Hantveit, Hege Hjartholm, Mona Birkeland
Revisorar : Hildegunn Rutledal og Ragnar Mundal
BT Gulen
Monica Reknes – leiar,Rita Høydal, Hege Hjartholm, Bodil Håvåg,Mariell Loua Stene
BT Solund
Ingvild Storøy-leiar, Ingrid Elvevåg, Karen Nessen,Gunn Marit Fossedal, Marlen Trovåg
BT Hyllestad
Katarzyna Lylund leiar ,Torun Mattson ,Oddhild Dokset Engedal Aleksandr Savchenko
UNG :
Hedda Mårstig,Åsne Lerpold Hauge, Dorte Lerpold Hauge, Rasmus Sørenstam, Gaute Haveland
Møteboka til styret
Det har vore helde 6 styremøter. Til møta har også leiarane til BT laga vore innkalla, og har delvis møtt. I tillegg har Linda Hantveit møtt som 1. vara og representant for ung gruppa.
Vi har hatt møter mest i Gulen, men også i Hyllestad og i Solund.
Det har vore ein del nytting av Skype
Viktige saker gjennom 2017:
Konstituering av styret desember 2016
Ekstraordinært årsmøte i Bålen mars 2017; vedtatt at Hyllestad kommune vert med i YST
Ambassadør og Grunnleggjande Turleiarkurs på Mjømna i april
Friluftskule x3 i juni/august med stor suksess
Ferskingkurs i august
Styret m / BTlaga var invitert til stort fellesmøte i Solund; styremøte og våtkort 😊
Mykje arbeid vart gjort med Turpasset – takk til dei som bidrog.
Haustmøte til SFT: Liv og Wenche delstok frå YST, Ron som leiar for Naturvernutvalet.
Turar
YST har hatt 8 fellesturar
Fellestur utanfor YST gjekk i år på Ådneburen
Bjørn West marsjen- 290 deltakarar på kort rute
Tradisjonsturar: Trefjellsturen og opp Tveiteskardet
I tillegg BT turar og UNG turar
Totalt 45 arrangement
Nasjonale turdagar
YST har hatt arrangement på Kom deg ut dagane i alle 3 kommunane, med unntak av KDU Vinter 2017
Opptur
Profilering
Tour de Fjords – der gjorde mange i alle grupper og aldrar ei fantastisk innsats
Solunddagen
Bjørn West
Fjellfestivalen i Stordalen
Midtveketurar
Der har det vore varierande frammøte. Frå kun turleiar til 20 stk.
Sjekk Ut
Dette er ein app som DNT har utvikla, og som alle kan laste ned fritt. Det er mange turmål i Noreg som er lagt inn der, bla har vi 12 i YST.
IKT
Heimesida har vore litt nede, det går mykje tid til vedlikhald, samt at det har vore svært mykje anna som har krevd mykje tid. Mål for 2018 er at heimesida skal vere oppdatert og levande
Facebook sidene er meir i bruk, og vert nytta til å annonsere turar, dele innlegg mm.
e-posten er fornya ;ytresogn.turlag@dnt.no
heile arkivet mm er no lagra i «one drive» skya; slik kan alle i styret og bt /ung følgje med og få tak i nødvendig info.
Det har vore eit travelt , krevjande og rikt år 😊
Wenche Midthun
19.11.2017