ÅRSMELDING DNT UNG YTRE SOGN TURLAG 2016.

DNT- ung presenterer årsmelding 2016
DNT- ung presenterer årsmelding 2016 Foto: Kari Einen

Me har vert seks stykk i DNT UNG styre i 2016. Tre får Solund (Dorthea,, Hedda og Åsne), og tre frå Gulen (Solveig, Silje og Margit). Me har hatt fire styremøte og dei har me hatt på ferja.

Me starta året med å vere med å arrangere Kom deg Ut dagen i Stordalen. Arrangementet var eit samarbeid mellom dei ulike gruppene i YST. Nokon av oss i styre var med som turleiar denne dagen, også andre ungdommar deltok som turleiarar på dette arrangementet. Det var totalt ca 180 som deltok denne dagen og mange av dei var ungdommar.

Så hadde me vintercamp i Stordalen med 47 deltakar. Det var ei aktiv ski helg i Stordalen frå fredag til søndag. Med nattskitur, trugetur, langrennstur, topptur og søndagen var det det ulike vinteraktivitetar i skitrekket.

Som oppfylging av vintercampen arrangerte me topptur på ski nokon veker etterpå. Då var ein tre voksen og tre ungdommar.

I april var me på klatrekurs i Sogndal. Der fleire av oss tok brattkort.

Me var elles med som turleiar på turen til Pollatinden og på tradisjonsturen på Breidvikstølen.

Kyscampen hadde me i juni på Litel Færøy. Det var det 34 deltakrar. Aktivetatane var padling, roing, og klatring.

Me deltok som turleiarar på Bjørn West marsjen. Me fekk der helse på statsministeren som i år heldt minnetalen der.

Haustturen vår som skulle gå til Gullhorgabu vart avlyst.

Me har elles gjennom året deltatt på ulike aktivitetar i turlagsregi.

Me har også deltatt på fellesmøte til Sogn og Fjordane Turlag og presentert DNT UNG aktiviteten vår der, og kva me ynskjer at DNT UNG skal jobbe med av aktivitetar framover.


Takk for oss!