Friluftsskular 2019 Solund

Er du 9-12 år og har lyst å padle kajakk, gå på fjellturar, fiske, lære om leirslagning, matlaging og andre spanande ting i naturen?

Då skal du melde deg på ein (eller fleire)  friluftsskular i 2019!

I sommar arrangerer Fjordkysten Friluftsråd og Norsk Kystkulturakademi 2 friluftsskular i Solund: 

Måndag 15.7.-onsdag 17.7.

Onsdag 7.8.-fredag 9.8.

 Kvar skule er 3 dagar med 2 (valfrie)overnattingar. Påmelding og betaling skjer i samarbeid med Ytre Sogn Turlag.

Deltakaravgifta pr. skule er 950 kr. pr. born.  Maks 18 barn pr. skule, så her er det er fyrste mann til mølla! Påmeldinga er bindande ved innbetaling.

Foreldre er òg hjarteleg velkomne. Vi tar forbehald om å kansellere friluftsskular dersom det vert for få påmelde.

2 Friluftsskuler i Solund sommar 2019!

Det er Fjordkysten friluftsråd i samarbeid med Norsk Kystkulturakademi og Ytre Sogn Turlag (YST) som står bak tiltaket. Friluftsskulen er eit 3 dagers aktivitetsopplegg med 2 valfrie overnattingar for born og unge i alderen 9 til 13 år. Dette er 5 året vi arrangerer friluftsskuler i Solund, og tilbodet er for born i heile fylket. Vi får kvart år deltakarar frå Hordaland , og også andre delar av landet . Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen, både som ein stad og vere, ein stad å lære og ein stad å hauste. Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser. Deltakarane på friluftsskulane får padlekurs og kan ta padleforbundet sitt våttkort om dei ynskjer det. Sjå meir om padlekurset og våttkortet her:  http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/introkurs-hav/

Tidsmessige og praktiske rammer 

Friluftsskulen er eit dagtilbod som er tilpassa ferje- og skyssbåtar. Vi vil ferdast i ulike naturmiljø og er avhengige av både offentleg og privat transport for å kome til dei forskjellige lokalitetane. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og plikter som er nedfelt i allemannsretten.Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass  på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.

Undervisninga startar  kl.11.00 fyrste dagen og sluttar kl.17.00 siste dagen.For dei som ikkje vil overnatte er undervisninga slutt kl 17 om ettermiddagane.

Dagsplanar og innhaldet i undervisninga

Friluftsskulen har plass til 18  deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper. 

Vi veit at værforholda  på Vestlandet er skiftande og vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten fordrar at vi har lite vind. Dagsprogramma må vere fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege. 

Her er eksempel på dagsplan:  

Måndag:Tur til stokkevåg/ Stokkevågsnova medorientering og øving i bruk av kart og kompass. Grilling, leik og bading i Stokkevåg. Rutebåt tilbake til Hardbakke. Oppmøte Hardbakke skule kl. 11.00

Tirsdag: Padlekurs .Oppmøte ved skyssbåtkaien kl. 10.30.Dei som ynskjer det kan få padleforbundets våttkort (introkurs hav) (Sjølve Våttkortet kostar 100 kr.)

Onsdag: Fjærevandring,fiske og badeaktivitetar. Kort tur. Oppsummering og avreise kl. 17.00

Matstell 

Deltakarane tek med seg nistepakke og noko å drikke til formiddagsmat/lunsj. Alle andre måltid vil arrangøren syte for. Dette inngår som ein del av undervisningsopplegget (raste- og leirplass)

Vidare vert det kjøpt inn frukt og litt godteri  til alle.Vi held  bestikk og dekketøy.

Utstyrsliste

Deltakarane treng  ein dagstursekk. Værmeldingane for dagen vil antyde om det er behov for regntøy. Støvlar er heilt nødvendig både i ferdsel i utmark og ved sjøen. Dei treng og redningsvest dei dagane vi skal vere i båt. Kystkulturakademiet har nokre vestar til utlån, men ikkje nok til alle. 

Utstyr i dagstursekken: Nistepakken og drikke, vindtett ytterplagg, genser, lite sitteunderlag,  ekstra T-skjorte, underbukse, strømper og sokkar . Ta med lue og solbriller.

Til overnattingsturen må ein ha med sovepose, liggeunderlag og toalettsaker. Fiskestang og sluk kan også vere aktuelt. Utstyrsliste for overnatting vert tilsendt.

Pris

Deltakaravgifta for å delta på Friluftsskulen er kr 950. Dette inkluderer middagsmat, frukost, formiddagsmat og middag . Deltakarane må ha med seg niste til lunsj. Reisekostnadar med buss og skyssbåt og felles frukt og godteri.

Velkomen til friluftsskule og gode dagar med kystfriluftsliv i Solund!

Har du spørsmål? Kontakt oss på post@nkka.no eller +47 48105774

Ynskjer du å bli medlem i YST og DNT? Gå inn på https://www.dnt.no/medlem

Friluftsskular 2019 Solund

Er du 9-12 år og har lyst å padle kajakk, gå på fjellturar, fiske, lære om leirslagning, matlaging og andre spanande ting i naturen? Då skal du melde deg på ein (eller ...

Kontaktinformasjon: