Vi inviterer alle barn til ein dag ute, og kanskje ikkje så langt frå der du bur.
På grunn av coronaviruset må vi endre på KDU-dagen. Vi heng opp TurTippen frå fredag 4. september kl. 18 til søndag 6. september kl. 18 på 4 ulike plasser i Gulen og håper at mange har lyst til å ta turen. Ved starten lagar vi til ein kasse med svarark som de tek med på turen. Der legg de svararka etter turen og. Skriv namn og adresse på svararket. Alle barn som gjennomfører turen i løpet av helga får kvar sin Barnas Turlags Caps.
TurTippen vert hengt opp til Midt-Taklestølen, Gulakvila, Trollskogen på Oppdalsøyra og Kjevatnet på Byrknesøy.
Velkommen på tur!
Foto: Brita Eidnes