Råkeneset venter på deg

Råkeneset i Solund
Råkeneset i Solund Foto: Kari Einen

Råkeneset er DNT si vestlegaste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord for Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.  

No er hytta ekstra klargjort til at du skal komme på besøk og det er rydda rundt hytta. Les meir om hytta på UT.no. Her kan du og lese om turar i nærleiken av hytta

 All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om ”bruk er den beste form for vern”, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.

Kjøkenkroken er tilrettelagt med gasskokeapparat og kokekar i tillegg til dekketøy. Drikkevatn finn ein i dunkar som er plasserte ved inngangsdøra. Merk: dette må berre nyttast som drikkevatn. Vatn til vask og reingjering finn ein i brønnen. Merk: Ver varsam når ein opnar luka til brønnen.

Praktisk informasjon: 
- Hytta er ubetjent og opa heile året (må låne DNT-nøkkel)
- Hytta har 8 sengeplassar
- Hytta driftas av Sogndal Turlag
- Det tar ca 10 min å køyre frå Råke til kommunesenteret Hardbakke som har daglegvarebutikk og servicetilbod. 

Adkomt: 
Råkeneset ligg 20 minutt gange frå fylkesvegen til Strand. Her kan ein parkere langs vegen. Stien sørvest til Råkeneset går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset.

Dette er ikkje tillete på og ved Råkeneset:

Ein må ikkje påføre skade eller foreta seg noko som kan skade inventar eller bygningar. Telting er ikkje tillete på den del av Råkeneset som er verna, sjå oppslag. Dette må føregå i utmark og ikkje på innmark, etter dei reglar som gjeld jfr. allemannsretten. Ein må ikkje kaste stein på sjøen. Det må ikkje tennast open eld eller nyttast grill som vert plassert rett på mark, stein eller svaberg.  

Skrevet av Kari Einen 21. mai 2016