Barnas Turlag Hyllestad - årsmelding 2017 

Styret i 2017 bestod av:

Katarzyna Lylund  leiar

Torun Mattson  kasserer

Oddhild Dokset Engedal medlem

Aleksandr Savchenko  medlem


I 2017 hadde vi 1 ordinært styremøte, i tillegg har vi diskutert detaljar kring oppsette turar på telefon. Totalt har vi lagt ned om lag 220 dugnadstimar, dette er med gjennomføring av turane.

Barnas Turlag Hyllestad har hatt 9 turar/arrangement i 2017:

«Kom deg ut dagen» i februar markerte vi ved å gå tur på den Trondhjemske postvegen frå Akse til Eide. På Eide står ein gapahuk, der grilla vi, hadde tur tipp og fri leik i skogen. Det var eit vellukka arrangement, barn og vaksne kosa seg og det var kjekt å sjå at det var fleire nye turgåarar.

På «Kom deg ut dagen» i september hadde vi base på Hamneparken på Sørbøvåg. Det var også eit særs vellukka arrangement. Øen grendalag hadde ferdigstilt ein del av ein balanseparken, slik at våre deltakarar, til stor glede, kunne nytte den. Elles grilla vi og spanderte mat og drikke på alle, vi hadde med eit telt vi sette opp ved hjelp av ungane, tur tipp, sekkeløp og fri leik. Høgdepunktet var likevel kanskje dei to båtane vi hadde leigd, slik at dei som ville kunne ta seg ein tur på sjøen. Det var veldig populært og dei aller fleste nytta seg av tilbodet. Det vart fiska mange fine makrell! Vi leigde båtane av Fjordkick som var veldig kjekke og sponsa oss med leiga av den eine båten. 

Vi prøvar å variere turane våre slik at vi får gått på tur i alle delar av kommunen. I mars  gjekk vi på tur til Lia (Hyllestad). Der hadde vi med oss Per Ove Akse frå Hyllestad Røde Kors, han fortalde oss om førstehjelp og kva som er særleg lurt å ha med i førstehjelpsskrin når ein går på tur i skog og mark. I april gjekk vi «Lihesten på langs», Lekva- Bjørnemyra (Lifjorden). I mai samarbeidde vi med Lauvsprett 4H og vi var mange som gjekk på tur i lag til Sandvatnet (Dalsbygda).

Vi er heller ikkje redde for å krysse kommunegrenser, i juni var vi på tur i Solund. Vi overnatta på turisthytta på Råknes og gjekk tur til Solnedgangsbenken. Der var også ein orrhane som passa godt på ossJ Dagen etter kom fleire folk med ferja og vi gjekk Ramnenipa rundt i lag med BTS. Kjekt å gå med nye turkammeratar!

I oktober gjekk vi på Hesjetinden frå Akse. Vi stoppa ved Sørefjordsvatnet, der dagsturhytta skal setjast opp. Sidan det var fleire små bein som var med på denne turen, stemde vi over om vi skulle fortsette mot toppen eller om vi skulle snu her. Alle ville fortsette og alle kom seg til

toppen! Som ein bonus fekk vi også plukka ein heil del tyttebær. I november brukar vi å reise til Høyangerbadet for å bade, det gjorde vi også i år.

Til saman, på alle turane, har vi i år vore om lag 87 barn og 84 vaksne. I tillegg til dette var det rundt 50 barn og vaksne på turen vi hadde saman med Lauvsprett 4H.

Etter kvar tur freistar vi å skrive eit lite referat, som vi saman med bileter publiserer på BTH og YST sine sider Facebook. Dette sender vi også inn til Firda og Ytre Sogn avis, slik at andre kan lese om turane våre og kanskje få inspirasjon til å bli med på neste tur.

Syner til rekneskap for informasjon om inntekter og utgifter laget har hatt. Frå neste sesong er det felles rekneskap med YST.

Oversikt over planlagde og gjennomførte turar i sesongen 2017:

Dato Tur

Søndag 5. februar «Kom deg ut dag» - tur Akse-Eide

Søndag 5. mars Tur til Lia i Hyllestad- Røde Kors på besøk

Søndag 2. april Tur Bjørnemyra-Lekva

Søndag 1. mai Tur til Sandvatnet i lag med 4H

Lørdag/Søndag 4/5. juni Overnattingstur til Råkeneset og på søndag tur Ramnenipa rund i lag med BTSolund

Søndag 3. september «Kom deg ut» dag   arrangement på Sørbøvåg

Søndag 1. oktober Tur til Hesjetinden /stopp ved Sørefjordsvatnet

Søndag 5. november Bading Høyanger