2017 Årsmelding BTS 

Ingvill Storøy var leiar for styret. Styremedlemmer var Karen Nessen, Ingrid Elevåg, Marlen Trovåg og Gunn Marit Fossedal. Ingvill trer ut av styret frå 2018. Forslag til nytt styremedlem er Gjertrud Trovåg. 

Det har vore stor aktivitet i barnas turlag Solund - med mange kjekke turar, omlag ein kvar månad. Annonsering har vore med lokale oppslag, arrangement på Facebook og på DNT sine sider. Oppmøte har vore varierande, og til tider noko lågt. Ein må mogelegvis oppfordre naboar og kjende meir direkte til å verte med. Under er kvar tur skildra kort.  

Reflekstur - januar 

Barnas Turlag Solund inviterte til Reflekstur ein mørk laurdagskveld. Alle hadde med seg lommelykter og lyste etter refleksar av ulik type ved skytebanen. Det kom snø også denne dagen så turen toppa seg med mange turar i akebakken etter mat og kos rundt bålet. Ikkje mange som ville heimatt denne kvelden. Ein super tur med refleks, snø, bål, aking, leik og morro med 17 små og store frammøtte. Gunn Marit Fossedal og Marlèn Trovåg var turleiar. 

Kom deg ut - februar 

Det var planlagt skøytedag i Nessa. Det var desverre ikkje skøyteis, men blei kjøpt inn fleire skøyter med fleksibel storleik, sli kat det lett kan arrangerast skøytedag igjen. Mange møtte til denne dagen - 26 vaksne og 22 born, og mange aldrar og nasjonalitetar var representert. Det var natursti rundt i "Ekkodalen" i Nessa og felles lunchpause. Karen Nessen og Ingrid Elevåg var turleiarar. 

Kinotur med Karsten og Petra – mars 

Førpremiere i Solund med på "Karsten og Petra – ut på tur", ein film med turglede og fjellvettreglane i fokus. Turbo og Barnas turlag Solund inviterte i forkant av filmen til ettermiddagstur til "utkikksmasta". Sola kom fram, og det vart ein vellukka tur med 14 ungar og 9 vaksne. 

Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane avd. Solund med Peggy og Oddlaug som spanderte pølse m/brød og frukt ved Grendahuset etter turen, og til Frivillegsentralen som også hjelpte til og serverte kaffi. Gunn Marit Fossedal var turleiar. 

Eksperimentekspedisjon - mars 

På leikeplassen på Eide blei det arrangert "eksperimentekspedisjon" med demonstrasjon og gjennomføring av fleire utlike forsøk: kompimering av brusboks med varm/kald luft, forsøk med overflatespenning i mjølk, pendel, appelsiner og massetettleik m.m. Kring 30 deltok. Ingvill Storøy var turleiar. 

Overnattingstur i Fossedalen 

Det vart ikkje så veldig mange som valde å bli med på denne turen. Me var 6 barn og 4 vaksne. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Ottersteinen. Me gjekk på stien gjennom skogen langs fjorden til Fossevika, derifrå bratt opp lia til Fossedalen. I den gamle løa i Nedre Fossedal overnatta me i soveposar. Felles måltid og mykje leik og moro i Fossedalen. Strålande ver gjorde at alle ungane bada og vassa i vatnet og ute i fossen. Ein flott tur, retur søndag ettermiddag. Gunn Marit Fossedal var turleiar. 

Råkeneset - Juni 

Denne turen vart ikkje gjennomført, men slått saman med BT Hyllestad sin tur til Ravnenipa. Kari Einen var turleiar. 

Fototur til Færøy - Juni 

Båtskyss frå Hardbakke hamn kl. 11 til vakre Færøyna, retur om ettermiddagen. Turen var lagt opp slik at det skulle passe ferjer både frå Ytre Sula og Krakhella. På denne turen var medlemmer av Solund Fotoklubb også invitert med. Det vart til slutt nok påmeldte så me kunne bestille båten.Ein ca. 2-3 timar tur/retur ca. 3 km fottur til toppen Espa der turboka ligg. Stien startar nord langs Vassdalsvika før den går ut i marka. Løypa går i lett terreng der det vekslar mellom bergknausar, myr, lyngmark og planteskog. Stien er varda og enkelte stader merka med merkepinnar. Me fekk med oss lokal guide som bur på øya og som fortalde mykje om plassane me gjekk forbi. Gunn Marit Fossedal og Marlèn Trovåg var turleiar. 

 

Blåbærtur - August 

Sjølv om det ikkje var mykje blåbær, heller mykje mygg, fann vi litt av kvart spanande i Gylteskogen: disser, pinnar, kantarell og bollar (!) Ingri Elvevåg var turleiar. 

Kom deg ut september 

Barnas Turlag Solund inviterte til Kom deg ut dag ved Kystaboretet i Draumeparken. Emnet for dagen var Leike, lære, gjere … med natursti/tipptur/aktivitet – postar som ein måtte bruke kart for å finne. Nokre var lette og andre litt vanskeleg, og alle fekk velje ein premie når alle oppgåvene var utført. 11 små og 9 store var deltok og alle hadde med seg nistepakke som dei åt og kosa seg med i strålande solskin.Gunn Marit Fossedal og Marlèn Trovåg var turleiar. 

Fisketur til Stokkevåg - Oktober 

På "kindereggtur" til Stokkevåg (gå, fiske, båttur) deltok 7 store og 4 små. Det var fint ver og alle gjekk i fint tempo i samla flokk til Stokkevåg. På vegen fekk vi høyre meir om sjørøvarskatten i Stokkevåg. Vel framme var det felles lunch og kinderegg. Nokre gjekk og fiska, mendan andre oppdaga gamle vegar og murar. Etter halvannan time i Stokkevåg kom Sulejet og køyrde oss attende til Hardbakke. Ingvill Storøy var turleiar. 

Lystur - November  

Saman med Alt lys på Solund gjekk turen med lykter rundt kyrkja, skulen og barnehagen - i mange krokar som sikkert ikkje alle var kjende med. Alle sette frå seg lyktene rundt i løypa. Det var lysinstallasjonar undervegs og flott dekor i vindauga som kunne nytast på turen. Ingvill Storøy var turleiar.