Kystled Solund

Kystled Solund vart opna i august 2014. På Litlefærøyna er det tilrettelagt
med nytt kystlednaust, kai, do, turkerom og teltplass. Naustet er utstyrt med to
tradisjonelle færingar, bruksbåtar som var i vanleg bruk i Solund tidlegare.
Kystled Solund strekkjer seg frå Litlefærøyna til Råkeneset, 5 km nord for
Hardbakke. Her ligg den vestlegaste DNT-hytta i landet. Det tek 15 minutt å gå til
hytta frå vegen mot Strand. Hytta vert driven av Sogndal Turlag og er ubetjent, dvs.
utan proviant, men med gass og ved. Hytta er låst med DNT standardnøkkel.
Råkeneset er ein 250 år gamal husmannsplass som er fint restauret. Det gamle
naustet har plass til kystledbåtane. Ved å vitja staden og overnatta der kan du få ei
kjensle av korleis livet må ha vore for kystbonden. For å ta vare på dette miljøet er
heile Råkeneset, med stovehus, naust og kulturlandskap ikring, freda. Det stiller
sjølvsagt krav til dei som kjem hit om å bruke husa og staden varsamt.

Kva er kystled ?
Kystled er ei nasjonal satsing som Friluftsrådenes Landsforbund, Forbundet
KYSTEN og Den Norske Turistforening står bak. Kystled er eit unikt tilbod til
deg som søkjer friluftsaktivitetar og opplevingar langs kysten. Kystled gjev deg
høve til å oppleve skjergarden og kystkultur på ein miljøvenleg måte – med
robåt og enkel overnatting. Kystled er open for ålmenta. Alle kan ferdast langs
kystledene etter reglane i friluftslova.
Vil du vite meir om Kystleder i Norge kan du gå inn på www.kystled.no.