Årsmelding for DNT UNG YST 2017. 

 

Vinteren 2017 var prega av lite snø og mykje nedbør. Dette prega også årets vintercamp i Stordalen. Det er fjerde året me arranger vintercamp og aldri har det vert meir vått og surt enn i år. Til tross for det vart vintercampen gjennomført etter plan med små justeringar etterkvart. Det vart gjennomført trugetur, topptur, teknikk trening i slalåmbakken innan for forskjellige felt som både slalåm, telemark og snowboard. Samarbeidet med Stordalen fjellstove og Berg fritid fungert godt. Det å bruke eigne DNT UNG representantar som instruktørar i skitrekket var også suksess.  

DNT UNG hadde ei viktig rolle i arrangementet Tour des Fjords som vart arrangert med start etappe i Brekke. Der deltok det både ungdommar i planlegginga, på morgonturen til Søtekollen med start kl 07.00 og gjennom heile arrangementet. DNT UNG representant leia også begge barneritta gjennom løypa og gav oss god reklame. Gjennom arrangement deltok ein både som hjelpar i standen, med sikring på klatretårnet og som hjelpar i fjøra med kano og kajakk. 

DNT UNG medlemmar har deltatt som hjelparar og turleiar på friluftsskulane med stor suksess. Dette samarbeidet er heilt klart noko ein bør vidareføre. Fleire ungdommar var også med både som deltakar og medhjelparar under trefjellsturen på øyane over i ytre Gulen. Dei har også deltatt på fleire av arrangementa til YST gjennom året.  

Me har gjennom dette året hatt utfordringar knytt til organisering, og årsaka til det er hovudsakeleg knytt opp mot «voksen rolla» i DNT UNG. Det har derfor ikkje vert arrangert haust camp og kontinuiteten i DNT UNG gruppa sitt arbeid og styrearbeid har derfor vert mangelfylt. Dette håpar me å få retta opp igjen i året som kjem. Ein svært positiv ting er at styreleiar for DNT UNG gruppa vår også er aktiv i DNT UNG arbeidet SFT. 

 

Styreleiar Rasmus Sørenstram                                                                                  Voksen kontakt; Linda M. Hantveit