Vedtekter, endret 22.11.16

§1 Føremål
Ytre Sogn Turlag har som føremål å arbeide for eit enkelt, aktivt, sikkert, allsidig og naturvenleg friluftsliv.
Laget skal arbeide for sikring av friluftslivet sitt natur og kulturgrunnlag.


§ 2 Interesseområde
Ytre Sogn Turlag (YST) er eit lokallag i Sogn og Fjordane Turlag (SFT), som er tilslutta Den Norske Turistforening (DNT)
YST dekkjer kommunane Gulen , Solund og Hyllestad

§ 3 Arbeidsoppgåver
YST sine hovudarbeidsoppgåver er:
- Skipe til varierte turar, både sommar og vinter, og presentere turane i eit årleg turprogram.
- Varde og merke ruter, lage turkart og brosjyrer innan eige interesseområde
- Gje uttale i naturforvaltningssaker i dei aktuelle medlemskommunane, og når det er liknande saker i tilgrensande områder med konsekvensar for YST sitt interesseområde

§ 4 Årsmøte
Årsmøte er laget sitt høgste organ, og vert helde årleg i månadsskifte november/desember. Årsmøtet skal kunngjerast med minst 4 vekers varsel.
Saker som medlemmer/nemnder vil ta opp må vere styret i hende minst 2 veker før årsmøtet. Alle enkeltmedlemmer i YST har forslag- og stemmerett, og kan velgjast til alle tillitsverv frå det året dei fyller 15 år.
Årsmøtet skal:
a) Godkjenne innkalling og saksliste
b) Velje ordstyrar og skrivar
c) Velje 2 til å skrive under årsmøteprotokollen
d) Godkjenne årsmelding
e) Godkjenne rekneskap
f) Handsame arbeidsplan og budsjett
g) Handsame innkomne saker
h) Velje styre, nemnder ol. Slik:

  1. Styre; Leiar vert vald for 1 år. I tillegg skal 4 styremedlemmer veljast for 2 år, og slik at 2 og 2 er på val kvart år. 3 varamedlemmer til styret skal veljast i rekkjefølgje for 1 år.
    endringsforslag:

Leiar : 1 år

6 styremedlemer – derav 1 som representerer BT og 1 YST Ung

3 og 3 på val kvart år

Det er ynskjeleg at det er 2 frå kvar kommune/ god geografisk fordeling av styremedlemmene

Vara: 3 stk, helst1 frå kvar kommune

  1.  Barnas Turlag skal ha eiga nemnd både i Gulen , Solund og Hyllestad. Kvar nemnd skal ha inntil 5 medlemmer; 3 og 2 er på val kvart år. BT vel sjølv leiarar for 1 år.?

  2. Løypenemnd på 4 medlemmer.

Løypenemnd vert vald når YST har starta utvikling av løypekart mm.

  1. Velje 2 utsendingar med 2 vara til årsmøte i SFT

  2. Velje 2 revisorar for 1 år

  3. Velje valnemnd på 3 medlemmer. Funksjonstid 3 år, rullering med 1 ny medlem kvart år.

Fortrinnsvis fordelt på kommunane

§ 5 Medlemskontingent
Denne vert fastsett av DNT

§ 6 Styret sine oppgåver
Styret er laget sitt høgste organ mellom to årsmøte.
Oppgåva er å leie arbeidet i tråd med føremål, arbeidsoppgåver, arbeidsplan o g budsjett. Styret skal snarast mogleg etter årsmøte konstituere seg slik; nestleiar, skrivar og kasserar for 1 år om gangen.
Styret skal oppnemne nemnder for løysing av konkrete oppgåver.

§7 Ekstraordinært årsmøte
Dersom styret eller minst ¼ av medlemmane krev det, skal det kallast saman til ekstraordinært årsmøte.
Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn med minst 14 dagars varsel.
Ekstraordinært årsmøte skal berre handsame den saka (sakene) som er grunnlag for møtet, og som er nemnd i innkallinga.

§ 8 Vedtektsendring
Endringar i vedtektene kan gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.
Vedtekter må takast opp att med same fleirtal på eit etterfølgjande (ekstraordinært) årsmøte som vert halde minst 4 veker seinare.

§ 9 Fullmakter
Leiar og 1 styremedlem har saman fullmakt til å skrive under for laget (gjeld låneopptak,kontrakter, tinglysingar mm). Bruk av slike fullmakter er avgrensa til saker som vert sett i gang på bakgrunn av konkret årsmøtevedtak.

§ 10 Heidersmedlemsskap
Heidersmedlemsskap i YST kan tildelast personar som har gjort eit særleg stort og omfattande arbeid for laget. Styret vert tillagt retten  til å gje eit slikt heidersmedlemsskap.

§ 11 Oppløysing
Oppløysing av YST krev ¾ fleirtal, og må takast opp att med same fleirtal på eit etterfølgjande ekstraordinært årsmøte som vert halde minst 4 veker seinare.
Ved eventuell oppløysing av YST skal laget si eige gå til SFT.